Motiv & Symbolikk.

 

hanna.jpgFargen er mørkeblå med ein olivegrøn kant nederst på både skjørtet og buksa, den grønkledde jærstripa. Her er blomar som ein finn langs vegen. Gjennom heile drakta går ein rød tråd, tråden i livsveven, som enkelte stader danner hjerter som skal minna om høydepunkta i livet.

"Eg har bøljande kornåkrars gull"--- framme på drakta og på ryggen. Lyset og lyden frå fyret er ein viktig del av  barndomsminnene til dei som bur ved kysten. Fyret pryder ryggen, og formidler lys og retning.

Her kan sys inn andre motiv etter avtale.Funn av piler og spydspisser,  danner mønster til både sølje og øyrepynt. I beltespenna er det ei etterlikning av gullskjoldet som blei funne i dronninggrava på Hauge i Klepp. Krosshaugkrossen står for kristenarven, og minner oss om Olav Tryggvason som var fødd på Jæren, og som førte den nye tida og trua hit:. "Eg har krossen på Krosshaug til vern mot mørke og trugande makter, og med våpen av jernalderjern, passerer eg sikkerhetsvakter!"

Drakta er forma som ei kongekappe med krone som halssmykke; den uendelige verdien som er nedlagt i kvart einaste menneske. Steingardane er sølvperler rundt kanten på sølje og beltespenne: "Eg har finslipte steinar i rad, i tusentals grå variantar, men dei lyser ved soleglad lik perler og diamantar". Kjedet rundt halsen symboliserer visdomen som er gitt oss frå tidlegare generasjoner.

Skjorta er av lin, men andre stoff og modellar kan og nyttas. Initialane til kvar enkelt kan sys inn framme.

Har du "skattar" som du er glad i, kan du bruka det på Skattedrakta. Mannsdrakta får ein også i svart. Skredder Bodil Engedal tilpasser og syr plagga til kvar enkelt. Sølvet er laga av sølvsmedane Linea og David Calder. Ta gjerne kontakt! Eg held til i "Melkemottaket" til Voll Ysteri, Ysteriveien 8, Voll i Klepp.

 

"Ja, eg kjem frå skattejakt"

 

Hild Arna Bjånes Voll

 

Sitata er frå diktet: Tileigning, av Åse Marie Nesse.